Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vi har ledige tre vikariat for autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus.
Varigheit:
1x 1.12.26 - 31.8.27
2x 1.12.26 - 31.5.27 (inntil 6 mnd.)
Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariata, og det kan òg vere aktuelt med oppstart før 1. desember 2026.
Seksjon for operasjon i Volda utfører operasjonar innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp. Seksjonen deltek også i sjukehuset sitt traumeteam og har ein variert og spennande arbeidskvardag. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet og pasienttryggleik. Arbeidskvardagen er prega av tett tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og varierte oppgåver, alltid med pasienten i sentrum.
Seksjonen har stor aktivitet. Vi søkjer deg som er fagleg interessert, samarbeidsviljug og trivst i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Camilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, Camilla.Brungot.Kile@helse-mr.no
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5183926798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 10.11.2026
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.