Me har ledig to 100% mellombelse stillingar som barne- og ungdomsarbeidar for komande barnehageår. Ei stilling er i Flåm barnehage, den andre i Aurland barnehage.
Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage, som var ferdigstilt i mars 2022. Barnehagen ligg nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Barnehagen har faste utedagar og eit godt miljø for store og små. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 54 barn.
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden. Me er ein god og veldriven barnehage med gode moglegheiter for eit aktivt tilbod med skog, fjell og fjord som nærmiljø. I denne barnehagen er det to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn.
Me søker deg som er oppteken av å gjere ein forskjell og vere ein aktiv bidragsytar til å skape ein god kvardag for barnehagebarna våre. Me ynskjer at du er engasjert, trygg og oppteken av å skapa meistring i kvardagen. Det er fint om du har erfaring frå arbeid med born, men det er ikkje noko krav.
Barna skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne. Me vil difor at du:
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video:
https://youtu.be/aFXLAnqaUbIDu må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, og bakeri.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.