Ved avdeling for personar med funksjonsnedsetting arbeider me kvar dag for at menneske med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv. Avdelinga omfattar Svingen bufellesskap og avlastingstilbod for barn og unge på Reini, og tilbyr heildøgnstenester med fokus på meistring, deltaking, inkludering og sjølvråderett.
No søkjer me ein engasjert og relasjonell leiar som vil vere med og vidareutvikle tenestane våre. Me ser etter deg som kombinerer varme med tydeleg leiarskap, og som motiverast av å utvikle både menneske, fag og organisasjon. Du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling i kvardagen.
Som avdelingsleiar får du ansvar for eit tverrfagleg fagmiljø, med om lag 40 medarbeidarar. Vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar, helsefagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane våre. Me trur dei beste løysingane blir skapt gjennom samarbeid, ulike perspektiv og eit arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og felles ansvar.
Hos oss er mentor for nytilsett helsepersonell innført som ei fast ordning. Gjennom programmet legg me til rette for ein trygg start, og fagleg utvikling og meistring i arbeidskvardagen. Som avdelingsleiar vil du vere med på å støtte opp om og vidareutvikle denne satsinga.
Avdelinga vår er ein del av verksemda Miljøterapi og helsetenester, og du vil inngå i verksemda sitt leiarteam. Du får god støtte frå verksemdsleiar, fagressursar og administrative støttefunksjonar, noko som gir rom til å prioritere leiing, medarbeidarutvikling og vidareutvikling av tenestene.
Kvifor velje denne stillinga?
Fordi du får høve til å vere tett på menneska, utvikle eit fagmiljø og påverke korleis tenestene skal sjå ut i framtida. Dette er ei rolle for deg som ynskjer meir enn å drifte. Du vil vere med å skape utvikling, byggje kultur og gjere ein forskjell for både bebuarar og medarbeidarar.
Me trur du vil lukkast hos oss dersom:
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Carsten Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.no
Åmotvegen 2
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5176113294
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!