Vi har ledig;
Stillingane er for tida knytte til natt, men vi er opptekne av å finne gode løysingar og prøver så langt det let seg gjere å imøtekome ønskje om turnus og tilrettelegging.
Medisin 3 har 25 sengeplassar innan fagområda hjarte, infeksjon og geriatri. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode moglegheiter for å utvikle brei klinisk kompetanse. Vi har fagsjukepleiarar innan alle fagområda, og satsar på fagleg utvikling gjennom fagdagar, internundervisning og læring i kvardagen.
Vi er stolte av arbeidsmiljøet vårt. Her blir du ein del av ei inkluderande og engasjert kollegagruppe som støttar kvarandre, deler kunnskap og arbeider saman for å gi best mogleg pasientbehandling. Kvardagen er prega av tett samarbeid i tverrfaglege team, der alle bidreg med sin kompetanse for å skape trygge og gode pasientforløp.
Vi tilbyr tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, samt moglegheit for frivillige langvakter på vekedagar og helger. For dei som ønskjer det, kan langvakter gi arbeid kvar fjerde helg. Vi ønskjer å leggje til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Ønskjer du ein arbeidsplass der du blir sett, inkludert og utfordra fagleg? Då håpar vi du søkjer hos oss. Vi ser fram til å bli kjent med deg!
Velkomen som søkjar – kanskje er det nettopp deg vi ønskjer med på laget vårt!
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, 71118806, katrine.dalstein.myrvang@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5186167130
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Startdato: 02.11.2026
Søknadsfrist: 14.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.