Vil du vere med å skape musikkglede og læring for barn og unge? Då er vi interesserte i å jobbe med deg. Vi søkjer ein kreativ og engasjert pianolærar i 60 % fast stilling. Undervisninga omfattar både individuelle timar og gruppeundervisning, med rom for samspel og utvikling.
E-post: benjamin.hogstad@oygarden.kommune.no
Mobil: 926 21 887
E-post: Kjartan.Fjordheim@oygarden.kommune.no
Mobil: 472 40 152
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herØygarden kulturskule tilbyr undervisning i musikk, teater, dans, visuell kunst, film og fleire andre kunstfag. Undervisninga skjer både på Liljevatnet og på fleire skular rundt om i kommunen. Tilbodet er ope for alle innbyggjarar, med hovudvekt på barn og unge frå 0–20 år. Kulturskulen samarbeider tett med grunnskular og barnehagar, har musikkterapitilbod på fleire institusjonar og står også ansvarleg for Den kulturelle skulesekken i Øygarden. Målet er å gi elevar høve til å utvikle kunstnariske evner, utforske nye interesser og byggje fellesskap gjennom kreative aktivitetar.