DPS Døgn allmenn har ledig 100% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar med relevant erfaring.
Psykiatrisk klinikk består av to DPS-sengepostar og ein poliklinikk med ambulante tenester som gjev allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga har også sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH-plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Avdelinga Psykiatrisk klinikk har om lag 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
DPS Døgn allmenn har 14 døgnplassar, av desse ein brukarstyrt plass. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. Vi tek imot pasientar til både frivillig og tvunge psykisk helsevern.
Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Startdato: Etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingun Indrebø, Seksjonsleiar, +47 47890705
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5156280386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Psykiatrisk klinikk og NAV startar i byrjinga av 2019 eit samarbeidsprosjekt som skal bidra til at menneske med psykiske problem og/eller rusproblem kan komme i ordinært arbeid. Prosjektet arbeider etter metoden IPS (Individual placement and support) som forsking syner har gjeve gode resultat når det gjeld sysselsetting.