Vi treng lærar som kan gjennomføre opplæring i vanlege grunnskulefag i barneskulen. Det er ynskjeleg med pedagog som også kan gjennomføre individuell tilrettelagt opplæring.
Vi søker deg som vil bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi vil tilby elevane praktisk, aktiv og variert opplæring i alle fag.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Lesing er også satsingsområde. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
I Eikelandsosen legg vi vekt på praktisk, variert og relevant opplæring der vi brukar skog, fjell og strand i tillegg til idrettshall, symjebasseng og eit allsidig skuleanlegg. Vi likar å gjere ting ute!
Eikelandsosen barneskule får kring 90 elevar frå 1.-7. årssteg hausten 2026 og kring 13 tilsette. Skulen ligg fint til i ei solrik sørhelling, er sentralt plassert ved Fusa symjehall, idrettsanlegg og sentrumsfunksjonar i Eikelandsosen.
Personalet ved skulen har ein aktiv sosialkomité som arrangerer kjekke friviljuge opplevingar. Vi vil gjerne ha deg med på turar og konsertar!
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse;
Forside SPK.no - Statens pensjonskasseBjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema:
Søk herBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?