To av våre dyktige og trufaste spesialsjukepleiarar går av med pensjon etter mange år i tenesta. Me søkjer difor etter to engasjerte spesialsjukepleiarar/sjukepleiarar i 100 % faste stillingar til vår sjukeheimsavdeling.
Avdelinga har 20 sjukeheimsplassar, fordelt på kortid- og langtidsplassar. Me er opptekne av å gi gode tenester av høg kvalitet til bebuarane våre, samtidig som me tek vare på kvarandre og skapar eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Me ønsker medarbeidarar som:
100% fast stilling, det kan leggjast tilrette for ein lågare stillingsstorleik dersom det er ønskeleg
Moglegheit til å velgje mellom:
Eller ein kombinasjon av lange og ordinære vakter
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herEtne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.