Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
To sengepostar – mange moglegheiter for deg som er helsefagarbeidar!
Vi har to ledige faste stillingar for helsefagarbeidarar ved Stord sjukehus – éi ved Medisin 4 og éi ved kirurgisk sengepost.
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der helsefagarbeidarar og sjukepleiarar samarbeider tett om å gi pasientane god pleie og behandling. Du får ein variert arbeidskvardag med ulike pasientgrupper, faglege utfordringar og kollegaer som støttar kvarandre.
Dette er dei ledige stillingane:
Stillingsprosenten kan bli redusert som følgje av fortrinnsrett til utvida stilling.
Begge stillingane har todelt turnus med 16 arbeidshelger i året og moglegheit for langvakter i årsturnus.
Vi legg vekt på god opplæring og ønskjer at du skal kjenne deg trygg og godt teken imot som ny medarbeidar.
👉Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du vil søke! Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å arbeide ved Medisin 4, kirurgisk sengepost eller begge.
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Hos oss får du:
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Gloria Hauan, Funksjonsleiar medisinsk sengepost, 91300840, glohan@ihelse.net
Halvor Jordåen, Funksjonsleiar - kirurgisk sengepost, 97636378, halj@ihelse.net
Tysevegen 64
5416 Stord
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5197155477
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.