Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Radiologisk avdeling Helse Fonna, Haugesund søker etter avdelingsradiograf på CT - ett års vikariat på dagtid
Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen
Avdelinga har 2 Siemens CT.
Stillinga er ei dagstilling.
Avdelingsradiograf CT har ansvar for den daglege drifta ved CT i samhandling med funksjonsleiar og fagradiograf.
Ved intern tilsetjing blir det ledig stilling som radiograf i tredelt turnus. Dersom dette er av interesse, må det komme tydeleg fram i søknaden.
Haugesund er ikkje ein stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Vi har eit breitt tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv!
God transportkommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte
Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273, elin.hetland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5188887027
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 15.11.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.