Ålesund sjukehus treng deg til fagleg spennande arbeid!
Vi har behov for ein autorisert ergoterapeut i 100 % mellombels vikariat ved Ålesund sjukehus, med oppstart snarast mogleg og varigheit til og med 31.12.2026.
Det kan også vere aktuelt å tilsetje i delar av stillinga. Vi oppmodar derfor interesserte til å søkje, sjølv om dei ikkje har høve til å arbeide i 100 % stilling.
Stillinga er organisert under Seksjon for kliniske støttefunksjonar og er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling. Her vil du arbeide med kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar.
Du får ein variert arbeidskvardag med sjølvstendig fagleg ansvar, tett tverrfagleg samarbeid og gode ergoterapikollegaer å støtte deg på.
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Vi ser etter deg som:
Aktuelt for deg?
Vi vurderer søknader, gjennomfører intervju og tilset fortløpande. Ta gjerne direkte kontakt dersom du er interessert eller ønskjer meir informasjon!
Vi håpar å høyre frå deg!
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 93 46 13 52, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5197794282
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.10.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.