Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag, og TAF/YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Kantina ved Måløy vidaregåande skule er ein viktig del av det sosiale livet i skulen. Det er ein viktig møteplass for elevane der dei kan kjøpe mat, ete, vere sosiale, gjere skulearbeid eller berre slappe av. Tilsette i kantina og det å jobbe i kantina er difor eit viktig bidrag i skulen sitt miljøarbeid.
Måløy vidaregåande skule har ledig 40% stilling i kantina frå 1. november-26.
Tilberede mat, servering, sal av mat (kasse), i tillegg til andre tilhøyrande oppgåver i kantina som til dømes dagleg reinhald av kjøkkenet. Ta del i skulen sitt miljøarbeid.
Det er ønskelig med relevant fagbrev, men ikkje eit krav. Erfaring frå kafe og kantinearbeid er ein fordel. Interesse for ungdom og å arbeide med ungdom er viktig for å gå inn i stillinga.
Løn i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Anita Olaug Otneim Hoddevik, avdelingsleiar, 99704572, anita.olaug.otneim.hoddevik@vlfk.no
Nordfjordvegen 9111
6718 Deknepollen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5188908898
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 12.10.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.