Vi på Medisin 1 søkjer etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig:
Å jobbe ved medisinsk avdeling – hjarte og lunge – ved Ålesund sjukehus gir deg høve til å utvikle deg fagleg i eit miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, og du blir del av eit arbeidsfellesskap som har pasienten i sentrum og eit sterkt fokus på tryggleik og kvalitet.
Her møter du eit variert og spennande sjukdomsbilete, med akutte og kroniske tilstandar. Du får bruke og utvikle din kliniske vurderingsevne, og samarbeide tett med dyktige kollegaer og tverrfaglege team. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, faglege utfordringar og gode rutinar – og du får bidra til å gi pasientar trygg og omsorgsfull behandling i ei kritisk fase av livet.
Vi kan tilby:
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar vere aktuell. Oppgi gjerne kva stilling som er mest aktuell for deg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5161008469
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 27.08.2026