Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form?
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydeleg ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga – og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod.
Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette vanskar – ei gruppe som ofte fell mellom etablerte tenester og nivå i helsetenesta.
FACT allmenn-teamet er framleis i ein prosjektfase, organisert som eit 50/50-samarbeid mellom Kronstad DPS og Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment), med ein aktiv og oppsøkjande tilnærming, og med moglegheit for å variere intensiteten i oppfølginga etter behov. Som psykologspesialist i teamet får du høve til å bidra både klinisk og fagleg, og til å vere med og setje retning for vidare utvikling av samarbeidsformer, arbeidsmåtar og det samla behandlingstilbodet.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt, særleg evna til å handtere høgt tempo og endring, og til å tilpasse arbeidsform og oppfølging til pasientane sine behov over tid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Charlotte Aase, Psykologspesialist, 47839274
Stig-Arthur Didriksen, Ass. Klinikkleiar, 97951855
Alf Georg Opheim Sørensen, Klinikkleiar, 90546220
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5148894117
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.