Verksemdsleiar
Har du lyst til å bli ein del av teamet vårt på Åse helsehus? Vi har behov for fleire pleiemedarbeidarar på helg og som i tillegg kan ta ekstravakter ved behov. Helgestillingene er på ca 13-20 % i dei ulike avdelingane (kvar 3. helg), nokon av dei med langvakt. Fortløpande tilsetting. Oppstart etter avtale.
Åse helsehus er lokalisert ved Ålesund lokalmedisinske senter saman med legevakt, ØHD-avdeling, overgrepsmottak, m.m.. Åse helsehus blei nyetablert i kommunesammenslåinga (Nye Ålesund kommune) og jobbar mot å bli eit helsehus med høg tverrfagleg kompetanse som skal vurdere og rehabilitere pasientar. Vi er ei lærande bedrift og er opptatt av å jobbe framtidsretta og innovativt. Vi benyttar oss av ulik velferdsteknologi og kartlegg pasientar som skal heim til eiga bolig med denne typen tjenestar.
Vi held til i moderne lokaler som blei oppussa i 2017. Vi har to korttidsavdelingar og ei avklaringsavdeling som tek imot pasientar fra helseforetaket og ØHD-avdeling på Åse helsehus. Det er fleire pasientar som har innvilga langtidsplass og som ventar på plass ved andre sjukeheimar i kommuna.
Etter opplæring og god veiledning skal du kunne utføre:
Ann-Kristin Grindvik, Verksemdsleiar
Åsesvingen 16
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5150323794
Stillingsprosent: 19%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.