Vil du vere med på laget vårt?
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig ei 70 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Vi har også ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar på dag/kveld, med arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi tilstreber å ha fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet.
På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktivitetar.
I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar bli ledig. Skriv i søknaden kva stilling du søkjer.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Eline Gammelsæter, Seksjonsleiar, eline.gammelseter@helse-mr.no
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5140394326
Stillingsprosent: 70, 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 16.08.2026
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.