Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Likar du å jobbe med reinhald og bidra til reine og trivelege omgjevnader? Er du nøye og opptatt av å gjere ein god jobb? Då kan det vere deg me ser etter!
Me har ledig ei
100 % fast stilling som reinhaldar og søkjer deg som er dyktig, engasjert og pliktoppfyllande, og som ønskjer å bidra til reine og gode arbeids- og opphaldsmiljø.Ansvar og arbeidsoppgåver
- generelt reinhald av kommunale bygg, men du vil for tida ha fast oppmøteplass på Fister skule og Fister barnehage
Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som reinhaldsoperatør er eit ønskje, men ikkje eit krav
- førarkort klasse B er ønskjeleg
- nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg
Me søkjer etter ein person som
- har gode samarbeidsevner
- har høyt arbeidstempo
- er fleksibel
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Personleg eigenskap og erfaring vil bli vektlagt ved tilsetting.
Me kan tilby
- triveleg arbeidsmiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- bedriftskunsforening
- ulike
rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsetteI Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk
sikker opplasting på kommunens heimeside.Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herTenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34