Vil du bruke din erfaring og kunnskap i eit fagmiljø som prioriterer førebygging? Bli ein del av vårt engasjerte team i Bedriftshelsetenesta i Helse Bergen!
Bedriftshelsetenesta (BHT) bistår sjukehuset i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar. Som ein del av vårt tverrfaglege team blir du med på å utvikle det førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet.
BHT består av bedriftslege, bedriftsjordmor, bedriftssjukepleiarar, bedriftsfysioterapeutar, yrkeshygienikar samt rådgivarar innan HMS. BHT er ein del av Personal- og organisasjonsavdelinga der over 70 kollegaer tilbyr rådgiving og utviklingsstøtte på heile HR-området.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Leif Johnsen, Seksjonsleiar, 91567104
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5183829555
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 13.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.