Det er ledig fast 100% avtaleheimel som fysioterapeut som ft. er samlokalisert ved Stranda Fysikalske Institutt.
Stranda kommune har totalt 3 fysioterapeutar med driftsavtale og 1 kommunal fysioterapeut i 100% stilling.
Fysioterapeutane er ein del av helse og omsorgstenesta i kommunen.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert fysioterpeut som ønskjer å bidra til kommunen sine helsetenester gjennom aktiv deltaking i både individuell behandling og tverrfagleg samarbeid.
Tildeling og overdraging av driftsheimel vil skje etter bestemmelsane i rammeavtalen (ASA 4313)
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, politiattest skal leverast ved tildeling av heimel.
Personlege egenskapar vektleggast.
Vitnemål og attestar skal takast med til intervju. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla dersom dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25
Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089
Øyna 13
6200 Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5199049126
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Stranda – «Ein liten stad i verdsklasse»! Mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre 1 time frå Ålesund finn du Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda. Kommunen har ca. 4.300 innbyggjarar eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt kultur- og idrettsliv og eit breitt tilbod for deg som trivst ute året rundt. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet- spesielt kjent for sine spektakulære omgivnadar i Sunnmørsalpane, regionalt kulturhus- den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, folkebibliotek og treningssenter.
· Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. md. for full barnehageplass.
· Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Du kan få sletta delar av lånet kvart år til det er nedbetalt.
I Stranda kommune arbeider vi etter visjonen «Til å vere stolt av». Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får bruke kompetansen sin til beste for innbyggjarane. Gjennom samarbeid, tillit og engasjement skaper vi gode tenester og sterke lokalsamfunn. Verdiane våre respekt, omsorg og openheit skal prege arbeidet vårt. Les om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Offentleg tenestepensjon for nytilsette