Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!
Bukollektiva har ledig 78% stilling for helsefagarbeidar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28. Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Stillinga kan justerast til 84% då med arbeid annenkvar helg.
I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane.
Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.
Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg, har felles leiing og det er nært samarbeid. Avdelinga og eininga har godt omdømme og høg trivsel.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse 28. september eller anna dato etter avtale.
Vi søkjer ein engasjert og kreativ helsefagarbeidar til vårt dagaktivitetstilbod for eldre, Seniorsenteret. Hos oss får du ei viktig rolle i å leggje til rette for trivsel, aktivitet, meistring og gode opplevingar for brukarane våre.
Vi ser etter deg som er glad i å jobbe med menneske, som tek initiativ og som evnar å skape tryggleik, glede og fellesskap gjennom varierte aktivitetar.Planleggje, gjennomføre og evaluere aktivitetar tilpassa eldre sine interesser og funksjonsnivå.
Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarane
Vi ser etter deg som:
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Anitra Kringstad, Avdleingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, anitra.kringstad@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Sloghaugvegen 28
6030 Langevåg
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5157029735
Stillingsprosent: 78%
Fast
Startdato: 28.09.2026
Søknadsfrist: 10.08.2026
Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.
FacebookSeniorsenteret er eit forebyggande tiltak som gjer at eldre kan bu lenger heime. Gjennom sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar ønskjer vi å legge til rette for gode opplevingar. Personalgruppa er tverrfagleg med kompetanse innan helse og aktivisering.
Facebook