Tokke kommune søkjer ein fysioterapeut i 100% fast stilling frå 01.09.26.
Arbeidet i stillinga er knytt opp til kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og frisklivssentralen. Arbeidstida er dagtid, og kommunen har fleksitidsordning.
Kommunen har to 100% kommunale fysioterapistillingar, ein 100% ergoterapeut, samt to fysioterapeutar med 100% og 80% driftstilskot som driv eige institutt.
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune er oppteken av å utvikle fagkompetansen og tenestane i kommunen i tråd med gjeldande lovverk og at tenestane treff innbyggjarane sine behov. Som fysioterapeut vil ein ha ei sentral rolle i mellom anna utvikling av rehabiliteringstilbodet, frisklivssentralen og prosjekt innan barn og unge.
Fysio- og ergoterapiavdelinga har eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø, og kommunen har eigen lokal lønnsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
• Sikre eit godt fysioterapitilbod til Tokke kommune sine innbyggjarar
• Utføre kartlegging, behandling og opptrening av personar i alle aldrar
• Gruppetilbod i kommunen: sirkeltrening, bassengtrening, bekkenbotn og barselstyrketrening og balanse- og styrketreningsgruppe for eldre heimebuande
• Individuelle oppfølgingar i kommunen: barn og unge gjennom helsestasjon, skule inkl. vidaregåande, tilbod frå frisklivssentralen, rehabiliteringspasientar på korttid og institusjon, kvardagsmestring og rehabilitering av heimebuande eldre som ikkje kan dra til institutt.
• Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
• Godkjent norsk autorisasjon som fysioterapeut
• Ynskjeleg med erfaring med kommunal fysioterapi og leiing av ulike treningsgrupper
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
• Førarkort klasse B – tenesta har eigen arbeidsbil
• God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
• Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Fysio- og ergoterapiavdelinga har eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar:
Nyutdanna fysioterapeutar vert oppfordra til å søkje!
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Tiltreding: Ynskjeleg frå 01.09.26
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no, eller fagleiar for fysioterapi Jette Bergfjord tlf.: 46931427.
Velkomen som søkjar!
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975
Revahaugvegen 4
3880 Dalen
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5150047087
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.07.2026
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.