Nissedal kommune har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut frå 25. august 2026. Me ser etter deg som er fagleg dyktig og engasjert,– og som ønskjer å vere med å utvikle tenesta.
Hos oss får d ein variert og meiningsfull kvardag, der du arbeider tett på innbyggjarane - frå dei aller yngste til dei eldste. Stillinga gir stort rom for fagleg påverknad og utvikling, og du får i høg grad vere med å forme innhaldet sjølv. Kommunen har stort fokus på førebyggjande arbeid retta mot barn og unge, så her ligg det gode moglegheiter for deg som brenn for tidleg innsats og helsefremjande arbeid.
Fysioterapitenesta er organisert i helseavdelinga under Eining for velferd, idyllisk plassert ved innsjøen Nisser i sentrum av Treungen.
Her blir du ein del av eit sterkt og inkluderande fagmiljø saman med legekontor, helsestasjon, tenesta for psykisk helse og rus og jordmortenesta.
Som fysioterapeut i kommunen vil du arbeide i fleire arenaer - på helsestasjon, i skule og barnehage, i institusjon og klinikk, og med ulike grupper. Du vil samarbeide tett med ergoterapeut i kommunen og Nisser fysioterapi, og vere ein viktig bidragsytear i det tverrfaglege arbeidet.
Hos oss får du ikkje berre ein jobb - du får høve til å vere med å utvikle tenester som betyr noko i kvardagen til folk.
Vil du vere med på laget i ein variert, spennande og utviklande kvardag? Da håper me du søkjer!
Velkomen som søkar!
- Som innbyggjar i Nissedal kommune kan du ha rett til årleg sletting av studielån gjennom statleg ordning administrert av Lånekassen (per i dag inntil kr 25 000 årleg).
Hild Riseth Fjone, Avdelingsleiar helse, 40480877, hild.fjone@nissedal.kommune.no
Treungvegen 398
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5146152861
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.