UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar i Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Vi søkjer ein strukturert, systematisk og positiv medarbeidar som vil vere med å bidra til utvikling av kvaliteten på studia ved fakultetet. Den som blir tilsett vil vere superbrukar for Felles studentsystem (FS) og ha eit hovudansvar for studiekvalitetsarbeidet i FS og arbeid med statistikk og rapportering. Dette er eit fagområde som krev høg grad av systematikk og forståing for utdanningsverksemda ved universitetet. Vidare vil rådgjevaren ha ansvar for å koordinere timeplanarbeidet ved fakultetet, for arbeid med vitnemål, og studieadministrative oppgåver knytt til opptak, studierettar og godkjenning av utdanning. For alle desse ansvarsområda er samarbeid med fagmiljøa og støttefunksjon for leiinga ved institutta og fakultetet sentralt.
Stillinga inngår i Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, som har om lag 9 årsverk. Seksjonen har det administrative ansvaret for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og gir råd og leiarstøtte i utdanningssaker ved fakultetet. Dette inneber blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytte til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak og tilrettelegging av studium.
Innhaldet i stillinga kan bli endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Hilde Marie Rognås, hilde.rognas@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan lø yse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.