Vi har no ledig stilling som maskinpassar/maskinist i sambandet Stavanger–Byøyene–Hommersåk, om bord på hurtigbåtane MS Fjordglytt og MS Medstraum.
Turnusen er to veker på og tre veker fri – ei ordning som gir ein god balanse mellom arbeid og , familieliv og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden dersom det er behov. Rederiet dekkjer reise til og frå arbeidsstad.
Som maskinpassar/maskinist blir du ein viktig del av brubesetninga saman med skipsførar og overstyrmann. Du får ansvar for maskineri og teknisk utstyr, og arbeidet omfattar overvaking, ettersyn, reparasjonar og vedlikehald. Det er krav om fargesyn, då du vil vere ein del av utkikkfunksjonen.
Her får du ein jobb som gir tryggleik og stabilitet, samtidig som du får ansvar, fagleg utvikling og gode kollegaer rundt deg.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Fiskepiren 1
4013 Stavanger
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5150970687
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.