Vinterdalen barnehage ligg i Sandviken like ved Sandviken sjukehus, heilt opp mot skogen og utsikt mot Byfjorden. Med 4 avdelingar og kring 60 barn er vi få nok til at alle kjenner kvarandre, men samstundes store nok til å skape eit variert og rikt sosialt miljø for både barn og tilsette. Eigar av barnehagen er Helse Bergen som til saman har 4 barnehagar.
Barnehagen har no ledig to stillingar som barnehagelærar. Begge stillingane er midlertidige i tidsrommet 10.11. - 31.12.20266, med mogleg forlenging.
Vi søker engasjerte og varme barnehagelærarar som ønsker å bidra til eit trygt og utviklande miljø for barna.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Du er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Du har ekte engasjement for barns leik og læring, og forstår verdien av å vere til stades i kvardagen – både som ein trygg vaksen og som ein aktiv deltakar i barnas opplevingar og utforsking.
Gjennom refleksjon og utvikling skal vi skape gode kvardagar for barn og tilsette, og vi er opptatt av erfaringsdeling og kompetanseheving i organisasjonen vår. Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og vi samarbeider tett med andre barnehagar i Helse Bergen og NLA høgskulen om personalet sin faglege utvikling.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er eit unikt høve til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.
Synes du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkommen til å søke stillingane hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Arnhild Baarøy, Seksjonsleiar, 99757095
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5189527649
Stillingsprosent: 10, 100%
Engasjement
Startdato: 10.11.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 19.10.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.