I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling.
Vi tilbyr ikkje bare ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg.
Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på
OPPLEVFJORD.NOGratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte.
Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå. Bli med heim til Andreas Ødegaard - Folk i Fjord
Vi ser etter deg som har lyst til å ta styringa – ikkje berre jobbe i ein kommune, men vere med på å løfte ho. I denne rolla får du vere personen som gjer kvardagen trygg, effektiv og smart for både innbyggjarar og kollegaer. Du få sitte saman med gode kollegar på Kommunehuset i Stordal.
Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potensielle nye arbeidskollegaer.
Dette er ei rolle for deg som vil bety noko – for folk, for teamet ditt, og for ein kommune som faktisk satsar. Her blir du ikkje ein liten del av eit stort system.
Trond Alstadsæter, Leiar Bygg og kommunalteknikk, +47 99711252
Stordalsveien 550
6250 Stordal
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5147602568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.