Vi søker etter medisin- eller sjukepleiestudentar som ønsker å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid ved einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining.
Treng du fleksibilitet for å kombinere studie med relevant arbeid gjennom heile utdanninga? Då er dette ein unik sjanse til å opparbeide seg kompetanse på tvers i Vestlandets leiande sjukehusmiljø.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5165167843
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.