UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Matematisk institutt, i forskingsgruppa for porøse medier, er det ledig ei stilling som forskar innan anvendt matematikk og berekningsvitskap for geologiske porøse materiale.
Stillinga er finansiert av eksterne midlar. For perioden 2027–2031 er stillinga i hovudsak finansiert gjennom dei Forskingsrådsfinansierte sentera «Center for Sustainable Subsurface Resources» (CSSR) og «gigaCCS», der Universitetet i Bergen er partnar. Fast tilsette forskarar blir likevel oppmoda til å bidra til å sikre eiga ekstern finansiering, og på lengre sikt kan stillinga bli finansiert gjennom ein kombinasjon av prosjekt innan forskingsgruppa.
Den som blir tilsett, vil spele ei sentral rolle i forskingsgruppa sitt arbeid innanfor begge dei nemnde sentera. Viktige arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere:
Utvikling og matematisk analyse av løysarteknologi for simulering av fleirfaseflyt i deformerbare geologiske porøse medium. Viktige utfordringar og moglegheiter knytte til sentera sine bruksområde omfattar:
a) Operasjonar med variable og/eller sykliske injeksjonsprofilar.
b) Lagring av CO₂ med varierande grad av ureiningar både i CO₂ og i reservoarvæskene.
c) Storskala operasjonar på tvers av fleire felt med betydeleg mekaniske interaksjon.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her: https://www.uib.no/matnat/125590/opprykk-til-forsker-kode-1183
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jan Martin Nordbotten, jan.nordbotten@uib.no eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas, antonella.zanna@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.