Vil du vere ein del av eit fagmiljø med høg kvalitet – midt i eit av dei vakraste områda på Sunnmøre?
Distriktstannklinikken Vatne søkjer no to engasjerte tannlegar som ønskjer å bidra til gode og trygge tannhelsetenester for innbyggjarane våre. Hos oss får du varierte og spennande arbeidsoppgåver, dyktige kollegaer og ein arbeidskvardag der du verkeleg kan gjere ein forskjell.
Klinikken held til i moderne og trivelege lokale, og har i dag 3 tannlegar, 1 tannpleiar og 4 tannhelsesekretærar.
Distriktstannklinikken ligg i Tennfjord i Haram kommune, tett på både fjord og fjell, med kort veg til flotte turstiar, friluftsområde og eit levande lokalsamfunn med høg trivsel. Ålesund ligg berre om lag ein halvtime unna med bil, og gir enkel tilgang til byliv når du ønskjer det. Les meir på: www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/alesund-sunnmore/.
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Trolldalssletta 2
6264 Tennfjord
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5149404876
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?