Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vi søker ein engasjera og faglig sterk HR-rådgjevar som ynskjer å vere ein god støttespelar for leiarane og tilsette. Stillinga er sentral i kommunen sitt arbeid med personalforvaltning, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling og inneber eit nært samarbeid med leiarane,tillitsvalgte og vernetjenesta.
Vi ser etter deg som:
Er trygg i rådgjevarrolla og bygger gode relasjoner
Er strukturert og har god gjennomføringsevne
Evner å handtere både operative og strategiske oppgåver
Er løsningsorientert og sjølvstendig
Har høg grad av integritet og rolleforståing
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Veilede og støtte leiarane i personal- og HR-relaterte spørsmål
Saksbehandling innan arbeidsrett, personalforvaltning og HMS
Bidra i oppfølging av sjukefravær, arbeidsmiljø og medarbeiderutvikling
Delta i forebuing og gjennomføring av drøftings- og medråderettsmøte
Bidra til godt samarbeid med tillitsvalgte og vernetjenesta
Utarbeide og følge opp rutiner, retningsliner og personalpolitiske tiltak
Delta i rekrutteringsprosessar og onboarding av nye medarbeiderar
Bidra i organisasjonsutvikling og forbedringsarbeid
Andre HR-relaterte oppgåver etter behov
Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon og/eller leiing
Erfaring fra operativt og strategisk HR-arbeid, rådgjeving og saksbehandling
Kunnskap om lov og avtaleverk og offentleg forvaltning
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
God digital kompetanse
Ein spanande og variera HR-stilling med stor grad av sjølvstendighet
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjera kollegaer
Mogleghet til å påvirke utviklinga av kommunen som organisasjon
Faglege utviklingsmogleghetar
Løn etter avtale og offentleg pensjonsordning
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon -- og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.