Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Kvanne - Rykkjem, p.t. MF Stangvikfjord.
Fjord1 søkjer no etter skipsførar til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av dei eldste og mest intensive ferjesambanda i landet, med 68 daglege avgangar. Her får du verkeleg utvikla dine ferdigheiter innan manøvrering og navigasjon! M/F Stangvikfjord er ei moderne og velutstyrt el-hybridferje frå 2020, med toppmoderne teknologi
Stangvikfjord har ein attraktiv skiftordning med døgnvakt med 2 veker på, 2 veker av. Perfekt for deg som vil ha god balanse mellom jobb og fritid. For dei som bur i nærleiken er det mogleg å dagpendle. Tilrettelegging for pendlere med fri bustad for deg som treng overnatting i arbeidsperiodane. Fjord1 dekker første og siste tur i arbeidsperioden (over 30 km).
Gode fasilitetar om bord med eit godt mattilbod gjennom samarbeid med Matvarehuset, og eksternt firma som tek seg av dagleg reinhald.
Sterkt arbeidsmiljø: Gode kollegaer, god stemning mellom skifta og solide støttefunksjonar frå landorganisasjonen gjer at du alltid har eit team i ryggen.
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, jill.juberg@fjord1.no
6640 Kvanne
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5158051096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.