Hundvin Naturbarnehage treng hjelp til å gjere barnehagen klar til eit nytt barnehageår.
Arbeidet skal gjerast i veke 29–32.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig, pliktoppfyllande og nøyaktig. Du må kunne ta ansvar, møte til avtalt tid og gjere ein god jobb -- både på eiga hand og saman med andre.
Dette passar for deg som likar praktisk arbeid, er løysingsorientert og synest det er kjekt å sjå resultat av arbeidet du gjer.
Er du interessert, eller kjenner du nokon som kan vere aktuell?
Ta kontakt med Hundvin Naturbarnehage for meir informasjon.
Oppgåvene kan mellom anna vere:
vasking innvendig og utvendig
måling innvendig og utvendig
køyre vekk avfall
gjere rom og uteområde klare til oppstart
andre oppgåver
Hundvin Naturbarnehage ligg fint til med naturen tett rundt seg. Vi brukar naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet og legg til rette for leik, undring, læring og gode opplevingar ute gjennom heile året.
Hos oss blir du del av den vesle barnehagen med det store hjartet - ein arbeidsplass med høg fagleg kvalitet, engasjerte tilsette og korte vegar frå idé til handling. Tryggleik, omsorg og glede står sentralt i kvardagen vår.
Gjennom leik, kvardagssituasjonar og gode relasjonar arbeider vi for at kvart barn skal oppleve meistring, fellesskap og utvikling.