Ulstein kommune har fire grunnskular. Her kan du lese om skulane.
Ulsteinvik barneskule har ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i skule- og SFO-tilbodet. Stillingane som er ledige no er faste stillingar.
Det kan også bli ledige stillingar på andre skular. Omfanget vil vere avhengig av eventuelle oppseiingar, permisjonar, interne overføringar og tildelte ressursar.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490
Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten
Referansenr.: 5164476994
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.