Er du prest med erfaring frå krise- og sorgarbeid, kjennskap til andre religionar og kulturar og kan trivast med varierte oppgåver i flotte Ryfylke prosti? Då er kanskje denne kombinerte stillinga noko for deg.
Fengselsprest (40 %)
Sandeid fengsel ligg i Vindafjord kommune og er eit ope fengsel i Kriminalomsorgen region sørvest. Fengselet har plass til 88 innsette og har 55 tilsette. Fengselet driv aktivt utviklingsarbeid innanfor straffegjennomføring. Tenesta til fengselspresten er hovudsakleg fordelt på 2 dagar i veka (den eine på ettermiddag/kveld). Arbeidet blir regulert av reglar og rutinar som gjeld for dei som utfører arbeid i kriminalomsorga. Stillinga som fengselsprest er godt innarbeidd i arbeidet til fengselet. Open soning gjer at prest og innsette først og fremst møtest på fellesområda og i fritida til dei innsette. Det kan vera oppmøte på ca 40 % på møta eller konsertane som presten har ansvar for, i samarbeid med m.a. Frelsesarmeen og andre frivillige. Presten er også til hjelp for innsette med annan religion og livssyn, og det er oppretta kontakt med offisielle representantar for desse.
Prostiprest (60%)
Prostipresten har gudstenester både i Sauda og Suldal, og inngår hovudsakleg i gravferdsturnus med sokneprestane i Sauda og Suldal. Sauda har omlag 50-60 gravferder på eit år. Prostipresten kan påleggast noko arbeid med konfirmantar både i Sauda og Suldal. Prostipresten deltek på prostisamlingar (om lag 10 i året) og gjer teneste etter dei planane som gjeld i prostiet. Prostipresten deltek i beredskapsordninga slik den er ordna i Stavanger bispedøme.
Ryfylke kan by på flott natur og ei kyrkje som framleis er godt forankra hos folk flest. Kommunane i Ryfylke har lagt svært godt til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Både Sauda (ca. 4500 innb.) og Suldal (ca. 3800 innb.) har attraktive skisenter og nye symjehallar. Det er og eit svært aktivt musikk- og kultur miljø i regionen. I begge kommunane er det eit godt samarbeid med mellom kyrkja og kommunen. Sauda sokn har tatt initiativ til ein årleg «Barn-er-bra-festival» i samarbeid med Sauda kommune og hjørnesteinsbedrifta Eramet. Sauda har fylgjande stillingar i tillegg til prostipresten: sokneprest, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon. Suldal har 4 sokn: Jelsa, Erfjord, Sand og Suldal. Suldal har to sokneprestar, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydspedagog og diakon.
Gjera prestetenesta i samsvar med tenesteordningar for prestar og fengselsprestar i Den norske kyrkja.
Cand. theol./Master i teologi med praktikum eller tilsvarande.
Andre opplysninger
Sigrunn Hagen Arnesen, konstituert prost, 97752534, sa552@kirken.no
Geir Skårland, 51846270, gs496@kirken.no
Toppadalen 3
4200 Sauda
Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmeråd
Referansenr.: 5147317012
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 16.08.2026