Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemmingar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod.
Vi gjer tenester til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar.
Vår måltsetjing er å bidra til gode dagar ut frå den einskilde sine eigne føresetnadar, ønskjer og behov.
Som tilkallingsvikar vil du bli med på å sikre omsorg og støtte til menneske med ulike behov i vårt lokalsamfunn. Du vil ha moglegheit til å bidra til ein meiningsfull og positiv kvardag for våre tenestemottakarar!
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge.
Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp.
Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.