Haukeland universitetssjukehus, Akuttmedisinsk avdeling vil tidleg i 2027 gjennomføre vikarkurs for helsepersonell som ønsker å arbeide som vikarar i ambulansetenesta og då spesielt med tanke på sommaren 2027. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervjurunder og fysisk test.
Kursinnhald
Meir informasjon om kurset blir gitt under intervju. Etter fullført og bestått kurs kvalifiserer du til å søke på stillingar som vikar i Akuttmedisinsk avdeling.
eller
eller
Søkarar som ikkje tilfredsstiller desse krava blir ikkje vurdert
Det vil bli stilt fysiske krav og utsjekk til kandidatane
Vi tilbyr gratis vikarkurs. Kurs og praksisperioden tilknytta kurset er ikkje lønna. Grunna krav om særskild opplæring blir vikarar utan autorisasjon i ambulansetenesta løna i lønnsgruppe 2, og autoriserte helsearbeidarar i lønnsgruppe 2-3.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kristian Furuskjeg, Fagkoordinator, 46819924, kristian.furuskjeg@helse-bergen.no
Steffen Fløysand Berland, Kst. Seksjonsleiar, 95172827, steffen.floysand.berland@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194185910
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.11.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.