Hjartdal helsekontor har eit spennande og tverrfagleg miljø, med legekontor, helsestasjon, psykolog, teneste psykisk helse, jordmor og fysio- ergoterapiteneste.
Helsekontoret flyttar inn i nye moderne lokale i Sauland sentrum i November.
Her jobbar det 3 fastlegar, LIS 1, fagsjukepleiar og sjukepleiarar/helsesekretær.
Vi har stort fokus på samhald, positivitet og samarbeid som viktige verdiar i arbeidskvardagen.
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema:
Søk herVelkommen til Hjartdal – det nære alternativet.
Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134.
Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna.
Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap.
I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine!
Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.