Vi søker etter ein engasjert arkivkonsulent som ønska å bidra i utvikling av arkivtenesta. Du blir ein del av teamet i kommunikasjonsavdelinga og det interkommunale samarbeidet om dokumentasjonsforvaltning,. Denne rolla inngår i den daglege drifta av sak- og arkivtenesta i Herøy kommune, saman med samarbeidskommunane.
Vi ser etter deg som har erfaring med operativt arkivarbeid, arbeider nøyaktig og effektivt og trivst med ein arbeidskvardag med både faste driftsoppgåver og kontakt med leiarar og sakshandsamarar.
Kommunikasjonsavdelinga har åtte tilsette inkludert leiar. I tillegg til saks- og arkivsystem har avdelinga mellom anna ansvar for sentralbord og publikumsmottak, val, politisk sekretariat, intern og ekstern kommunikasjon, personvern, digitalisering og beredskapskoordinering.
Stillinga inngår i eit kommunalt oppgåvefellesskap om dokumentasjonsforvaltning, og arbeidsoppgåvene vil vere knytte til arkivarbeid i fleire nabokommunar.
Organisasjonen og samarbeidet er i utvikling, og arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Herøy kommune har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, saman med kompetanse og erfaring.
Løn og tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Joachim Almestad, Avdelingsleiar, +47 47816836
Rådhusgata 5
6090 FOSNAVÅG
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5184824407
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !