Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark?
Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø!
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar.
Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord. Det er høve til å tilpasse dagar for helsestasjonsarbeid.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, sjå lånekassa for meir informasjon.
Helene Mølster Byggland, Avdelingsleiar jordmorstenesta, 40907794, helene.molster@vinje.kommune.no
Jakob Naadlands veg
3840 Seljord
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5164027134
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 26.08.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!