Stad kommune har ledig to faste stillingar i 80 % som miljørettleiar frå 01.08.2026. Arbeidsstad er for tida på Eid ungdomsskule. Det kan bli aktuelt med 100 % stilling i samarbeid med andre einingar.
Eid ungdomsskule ligg på Nordfjordeid og har om lag 270 elevar og 44 tilsette. Elevane ved skulen kjem frå barneskulane Bryggja skule, Kjølsdalen Montessoriskule, Stårheim skule, Haugen skule, Nordfjordeid skule og Hjelle skule.
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
Peder Felde, Rektor Eid ungdomsskule, 970 32 761, peder.felde@stad.kommune.no
Eid ungdomsskule
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5143538348
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.