Gossen barne- og ungdomsskole søkjer 1 miljørettleiar i fast 100% stilling, og 1 miljørettleiar i midlertidig stilling frå 1.8.2026.
Vi søker ein person som har følgjande kvalifikasjonar/eigenskapar:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere
På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff.
- Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Link til søknadsskjema:
Søk herGossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune. Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.