Ledig stilling som miljørettleiar. Stillinga ligg til Voss ungdomsskule. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe. Arbeidet i avdelinga er prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen med moglegheit for påverknad og fagleg utvikling. Stillingsstorleik 89% med reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret til 78 % i løn etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Voss ungdomsskule er ein 8-10 skule med omlag 540 elevar og 90 tilsette. Skulen ligg sentralt på Vossevangen.
Våre elevar skal oppleve eit inkluderande skulemiljø der dei kan utvikla sine talent og interesser i samband med andre elevar. Me ser etter personar som har eit brennande engasjement for barn og unge, og som ynskjer å bidra til å gjere ein forskjell for elevane våre
Me tilbyr:
Kvalifikasjonar:
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.