Informasjon om stillinga:
Stillinga er knytt opp mot enkeltelev og klasse. Du vert ein del av eit trivelig, aktivt og kompetent fagmiljø som samarbeidar for eit godt og trygt læringsmiljø for alle elevar.
Om arbeidsstaden:
Granvin barne- og ungdomsskule ligg i hjartet av Granvin, 20 minutt køyring frå Voss. Skulen har kring 120 elevar frå 1. til 10. klasse. Her er det eit godt miljø både for elevar og tilsette. Skulen har gode spesialrom, flott og variert skuleområde, skulehage og nærleik til sjø, skog og fjell som gir oss gode moglegheiter for aktivitet og aktiv læring. Fysisk aktiv læring er eit satsingsområde for skulen.
Tilsetjing skjer i fortløpande i perioden
Kvalifikasjonar:
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som:
Arbeidsoppgåver:
Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetjing.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande