Vi har ledig fast stilling i heimesjukepleien, område Vikane. Arbeidskvardagen i heimesjukepleien er variert og lærerik, med stor grad av sjølvstendige og faglege utfordringar.
Stillinga er turnusarbeid med fast helgearbeid. Vi kan tilby langvakter.
Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For
tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.
Grethe Hilde, Einingsleiar, heimesjukepleien, 99428109
Dragesetvegen 50
6793 Innvik
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5187290167
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn