Skulen, som ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen, har om lag 115 tilsette. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og skuletilbodet slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli best mogeleg. Som skule har me høge ambisjonar, og har som mål å vera mellom dei leiande skulane innanfor dei programområda me tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokal og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på: https://www.voss.vgs.no
Frå 01.08.26 har me ledig:
43% naturfag (vikariat skuleåret 26/27)
28% biologi (vikariat skuleåret 26/27)
Me ynskjer søkjarar som har:
Me søkjer etter ein person som er:
Nytt og moderne skulebygg
Aina Sandaker, avdelingsleiar, 41465683
Strandavegen 251
5710 Skulestadmo
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5149100134
Stillingsprosent: 71%
Vikar
Startdato: 12.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 03.07.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.