Nav Askøy søkjer engasjert jobbspesialist!
Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning?
Om du trivst med oppsøkjande verksemd, er god på kommunikasjon og har tru på at du kan gjere ein forskjell for unge menneske i ein krevjande livssituasjon, og ser føre deg at du kan arbeide tverrfagleg saman med behandlarar innan psykisk helse, så kan dette vere den rette jobben for deg.
Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS Ung-team i Nav Region Vest ved Nav Askøy i fast stilling.
Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får nytte ressursane sine i arbeidslivet eller utdanning, håpar vi at du søkjer stillinga.
Som IPS-jobbspesialist arbeider du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom ungdom, Nav, helsetenesta, skulen, føresette og arbeidsgjevarane. Primærmålgruppa vil vere ungdom under 30 år.
Som ein del av ungdomsgarantien i Nav skal du vere med på å sikre god og tett oppfølging av unge. Som jobbspesialist i IPS Ung vil du inngå i eit tverrfagleg samarbeid mellom Nav og helse. IPS er ein integrert skule- og arbeidsretta del av behandlingstilbodet til menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, eller nedsett funksjonsevne.
Du vil vere knytt til Origo Askøy. Origo Askøy – livsmeistring, psykisk helse og rus – tilbyr hjelp til innbyggjarar i alle aldrar. Origo tilbyr hjelp til dei som slit med psykiske helseplager, rus, utfordringar i foreldrerolla med meir. Origo Askøy består av to avdelingar, ei for barn og unge og ei for vaksne og eldre. Denne stillinga er knytt til ungdomsteamet, som er organisert under avdeling Barn og unge. Teamet er tverrfagleg samansett og har brei erfaring innan psykisk helsearbeid med barn og unge, familie- og rusarbeid, samt førebyggjande arbeid og inkludering.
Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til arbeid ikkje alltid er rett fram. Teamet består av metoderettleiar og tre andre jobbspesialistar. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet.
Du vil vere knytt både til Nav Askøy/Region Vest og Origo Askøy kommune. Kontorplassen din vil vere saman med gode kollegaer hos Origo Askøy kommune.
Mykje av arbeidstida din blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegne av ungdomane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.
På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling og har eit godt arbeidsmiljø med ulike sosiale aktivitetar. Kontoret vårt har 70 tilsette fordelte på fire avdelingar. Vi held til i aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, berre 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss kjem du køfritt frå Bergen til Askøy.
Nav Askøy er regionkontor i Region Vest, og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Du vil vere ein del av den nye regionale avdelinga vår, som har både marknad, tiltak og jobbspesialistar samla i same avdeling. Avdelinga er knytt til begge kontora og vil vere til stades ved begge lokasjonane.
Jobbspesialistane skal ha fokus på å bistå personar ut i ordinært arbeid eller utdanning. Du skal arbeide etter IPS-metodikken, følgje deltakarane tett og bruke mykje tid på rekruttering og inkludering i det ordinære arbeidslivet eller utdanning. Du må ha fagleg engasjement, pågangsmot, gode kommunikasjonsevner og vere ein nettverksbyggjar. Samhandling med fleire tenester er ein viktig del av arbeidskvardagen.
Jobbspesialisten i IPS Ung-teamet skal arbeide med ungdom under 30 år som har rus- og psykiske helseutfordringar. Du vil vere knytt til eit oppfølgingsteam som du er ein del av.
Endringar i arbeidsoppgåvene kan førekome.
Du må ha:
Det er ønskjeleg at du har:
Vi ser etter deg som har tru på at menneske, trass i psykiske lidingar, rusutfordringar eller språklege utfordringar, kan få og halde på ordinært arbeid. Du møter menneske med respekt og positive forventningar, og har evne til å sjå moglegheiter framfor avgrensingar.
Vi trur at ulike erfaringar, bakgrunnar og styrkar kan bidra til å lukkast som jobbspesialist. Samstundes ser vi at nokre eigenskapar er særleg viktige for å trivast og lykkast i denne rolla:
Det er særleg viktig at du er initiativrik og har gode samarbeidsevner. Dette vil bli lagt vekt på i vurderinga av søkjarane.
Generelle opplysninger: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.
Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.
Vibeke Gjervik, Avdelingsleiar, (+47) 40 47 71 19
Kleppestø senter
5300 Kleppestø
Arbeidsgiver: Askøy kommune
Referansenr.: 5174440575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026
Askøy kommune er med våre rundt 30.000 innbyggere og 2000 medarbeidere en av de største kommunene og arbeidsplassene i Vestland fylke. Askøy ligger nordvest for Bergen, og det tar kun 15 minutter å kjøre fra Bergen sentrum til kommunesenteret Kleppestø. Det er også enkelt å reise kollektivt med hurtigbåt eller buss.
Sammen jobber vi for å gi øyens innbyggere et godt bomiljø med gode helse- og velferdstjenester, oppvekst- og utdanningsmuligheter, og kultur- og fritidstilbud.
For at vi skal kunne løse oppgavene våre best mulig trenger vi medarbeidere med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiver. Vi ser på mangfold som en styrke, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke.