Kvernhusmyrane bufellesskap søkjer ein engasjert og motivert medarbeidar i 100 % fast stilling!
Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Bustaden er døgnbemanna, og vi arbeider for å gje tenester av høg kvalitet og ein best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Stillinga inneber arbeid kvar fjerde helg, med kortvakt fredag og langvakter på 12,5 timar laurdag og sundag.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Helsefagarbeidar: kr. 475 300 - 551 100
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved oppstart.
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.