Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til eit 1-årig vikariat i vår rus- og psykiatriteneste. Vikariatet er knytt til permisjon og gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit spennande fagfelt med stor variasjon i arbeidsoppgåver og tett oppfølging av brukarar i deira eige heimemiljø.
Hos oss møter du engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene.
Ingeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, 45721377, ingeborg.rothe.lekve@klepp.kommune.no
Olav Hålandsveg 2
4351 KLEPPE
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5184370763
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 03.01.2028
Søknadsfrist: 19.10.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.