Her kan du søke om å vere ringevikar i Nordbygda barnehage. Nordbygda barnehage ligg på Hosteland i Masfjorden kommune. Har du godt humør og likar å vere aktiv i eit leikande miljø? Då ser vi fram til at du søker hos oss!
Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passar for deg. Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt.
Nordbygda barnhage ligg sentralt på Hosteland. Vi har flotte skogs-og turområde i nærleiken som barnehagen nyttar seg av på turdagar.
Masfjorden kommune har 3 barnehagar: Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage. Alle tre er DUÅ-barnehagar.