Vil du bidra til at menneske finn vegen til arbeid?
Opero søkjer ein engasjert jobbkonsulent.
Me ser etter deg som;
▫ har utdanning på høgskulenivå
▫ er engasjert, jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert.
▫ er god på kommunikasjon og samarbeid.
▫ har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, samt digitale ferdigheiter.
▫ har førarkort og disponerer bil.
Bedrifta er oppteken av fagleg utvikling, kvalitet i tenestene og eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vert difor vektlagt.
Som Jobbkonsulent vil du bidra til å kartleggje ressursar og moglegheiter, utvikle arbeidsmål og støtte deltakarane i prosessen mot arbeid eller utdanning. Arbeidet inneber tett samarbeid med deltakarar, arbeidsgivarar, NAV og andre relevante samarbeidspartnarar.
▫ Ansvar for individuell kartlegging og oppfølging
▫ Samarbeid med NAV og næringsliv
▫ Karriererettleiing.
▫ Oppfølging og tilrettelegging på arbeidsplass.
▫ Rapportskriving
▫ Arbeide i tverrfagleg team.
Moglegheit for opplæring og utvikling.
Godt arbeidsmiljø
Gode lønns-, pensjons- og forsikringsordningar.
Bedrifta leverer arbeidsretta tiltak og tenester på oppdrag frå NAV. Me føl opp personar som har behov for støtte, kvalifisering og tilrettelegging for å kome i arbeid eller utdanning.